Anmeldelse i Dagen: "eit handslag til dei som aldri vart heilt ferdige med krigen"

Egil Morland i Dagen har anmeldt Krigsseilernes barn, og latt seg berøre. Han skriver blant annet:

Schjølberg skriv om born som i trangbudde husvære levde tett på fedrene sine mareritt, depresjonar, psykiske ustabilitet og alkoholisme. Det er autentiske røyster vi høyrer. Ganske raskt greier dei å ta oss med på den mentale reisa til ei tid som verkeleg er nær, men også uendeleg fjern: til eit rasert Europa som skulle byggjast opp att

Forfattaren har fått med mange vare skildringar av stolte, sjølvstendige menneske som fann seg i den lagnad at dei t.d. sjølv måtte betala for operasjonar etter krigsskadar. Og innimellom får vi glimt av den kjærleik dei så gjerne ville formidla – og stundom fekk formidla – midt i det vonde og traumatiske.

Språk, tone og framstilling varierer. Slik må det vera når forteljarstemmer frå svært ulike menneske lyder. Det gjer ikkje boka mindre verdt.

Og så er dette nok ei påminning om kor mykje vi aldri fekk veta noko om. For dét er også med i boka; sorg og anger over at det ikkje vart opna rom av tid og nærvêr, som muligens, kanskje, kunne ha vore eit handslag til dei som aldri vart heilt ferdige med krigen.

krigsseilernes barn anmeldelse i Dagen

Legg igjen en kommentar