Liker du å leika? Har du god fantasi? Drøymer du ofte om natta? Kanskje har du, som eg, håpt at alt berre skulle vera eit mareritt og at du snart ville vakna – eller at draumen var røynda og vidunderleg og aldri måtte ta slutt?
Skiljet mellom fantasi og verkelegheit, mellom draum og livet sjølv er ikkje alltid lett å sjå. Korleis er det med deg – er du klar for ein liten avstikkar?